Velkommen til Fjordturar!

M/B Siwa Fjordturar held til i Eidsdal, inst i Storfjorden på Sunnmøre. Vi tilbyr fjordopplevingar i heile området, alt etter ønske og smak.
Båten vi nyttar er ein 40 fots speedsjark (M/B Siwa), som kan ta 12 passasjerar. Den har ei toppfart på 20 knop (om lag 40 km/t). Moglegheitene med ein slik båt er mange, og vi er opptekne av at det er dine ønskje som skal bestemme kva turen skal gi. Båten er spesialbygd for handicapturar, og har 90 cm brei port i styrbord side. I tillegg har båten nedsenkbar romluke. Båten eignar seg godt til dei fleste formål, som for eksempel passasjertransport, sightseeing, blåturar og fiske. Dersom du ønskjer å gå fjellturar i området har vi også moglegheit til å hente og bringe. Båten gjer det mogleg å gå til alle plassar der det er ønskeleg, også plassar der ein med båt normalt sett ikkje vil kunne legge til.


Servering av reker og spekemat på fjorden Vi tilbyr fjordcruise frå Eidsdal til Geiranger eller frå Geiranger til Eidsdal. Denne turen tek om lag 3 timar og 30 minutt. På turen kan vi servere reker og spekemat, og Fjordturar har også skjenkeløyve for øl og vin. Vi kan også stille med trubadur om ønskeleg. Fjordturar samarbeider med Geiranger Taxi, som i samband med våre fjordcruise tilby maxi-taxi frå Geiranger til Eidsdal eller frå Eidsdal til Geiranger for kr. 70,- per person. Konkrete pristilbod for turar blir gitt på førespurnad, sidan dette avheng av reisemål, varigheit, samt køyre- og liggetid.



SunnylvsfjordenStorfjorden er full av spanande turmål, og Fjordturar kan by på eit utal moglegheiter til å oppleve den storslåtte naturen. Eit populært tilbod er for eksempel bruke fjorden som første transportetappe og innleiing på ein fjelltur. Å bruke naturen er ei ettertrakta oppleving i dette området, noko plasseringa på UNESCOs verdsarvliste vitnar om. Vi kan skreddarsy dykkar ønske om kva de vil oppleve i denne unike naturen.


Fjordturar
N-6215 Eidsdal
Tlf.: (+47)70 25 92 42/(+47)97 19 24 88
E-mail: post@fjordturar.no