Naturopplevingar

Sightseeing:
Geiranger ein sumardag At området i indre Storfjorden står på UNESCOs verdsarvliste er eit vitnemål om at denne naturen er spesiell. Dei trange fjordane og dei bratte fjella er blitt verdskjende. På fjorden kan ein få oppleve den ville naturen på nært hald. Vi i Fjordturar kan gi dykk ei turoppleving som er både nærare naturen og betre tilpassa dykkar spesielle ønsker enn det ein kan få gjennom den vanlege cruisetrafikken.


Fjellturar:
Storfjorden strekkjer seg frå Ålesund i vest og går over i Norddalsfjorden, Tafjorden og Geirangerfjorden i aust. Fjordane er omkransa av gamle fjord- og fjellgardar. Dei fleste av desse er godt vedlikehaldne, og dei er difor interessante turmål. Mange av desse fjellgardane ligg slik til at ein er avhengig av båtskyss for å kome fram, andre gardar ligg slik til at ein velge båtskyss eine vegen, og gå fjellvegen den andre. Uansett så er Fjordturar godt eigna for gi ein god start og/eller avslutning på ein tur til dei flotte fjellgardane, eller på andre turar i dei vakre fjella.

Fiske:


Dei djupe fjordane, og samstundes dei lune fjordarmane, gjer at ein kan slå eit breitt maritimt liv. I Fjordturar har vi både utstyr og erfaring som gjer at vi kan ta dykk med ut på fisketurar som inneheld alt frå fangst til stell av fisk på same tur.



Blåturar:
Skal du arrangere ein tur for dine medarbeidarar kan ein blåtur vere eit godt alternativ. Her er det du som vel reisemålet i samråd med oss, men den vert halden hemmeleg for dine kollegaer. Desse turane har vorte meir og meir populære, og spaninga ved å ikkje vite destinasjonen gjer det artigare å vere turist i sitt eige område. Vi vil gjerne hjelpe deg med forslag om reisemål enten du vil vidare til ei ny oppleving, eller om du vil bli tatt med til ein av dei mange fine plassane, der ein kan gå i land og grille og kose seg.

Passasjertransport:
Fjorden har mange gongar vore eit hinder for å delta på dei mange tilboda som fins i bygdene våre. Vi kan tilby rask og komfortabel transport for alle formål.

For fleire bilder, sjå vårt bildegalleri.

Fjordturar
N-6215 Eidsdal
Tlf.: (+47)70 25 92 42/(+47)97 19 24 88
E-mail: post@fjordturar.no